Mozilla Firefox 1.0PR

Orginal frå 28.09.2004: Den endelege versjonen av Mozilla Firefox er no lansert i "Preiview Release". Programmet fungerer som eit betre alternativ enn Microsoft Internet Explorer. Det er mange kjekke ting med Firefox som du kan utforska på eiga hand.
Har du tidlegare versjonar installert frå før, skal du først avinstallere desse. Du kan også rydda opp i systemet ditt med eit program for feilretting i Windows. Sjølv har eg god erfaring med WinTuneUp04, men dette er eit kommersiellt program.
Når maskina er reinska for gamalt Firefoxgrums, kan du installera den nye versjonen som du finn her: http://www.mozilla.org/products/firefox/
Treng du norske menyar, ser det ut til at du må klara deg med versjon 0.9.3 som kan hentas her: http://firefox.no/
2 Comments:
Du slepp ikkje unna oppdateringar med Firefox heller. Alle datasystem har feil, spesiellt beta- og "Preiview Release"-versjonar av nettlesarar...
Når Mozilla Firefox er installert, må du av og til sjå om det er tilgjengelege oppdateringar. Dette gjer du frå Tools -> Options -> Advanced -> Software Update - Check NowDu kan sjå snapshot av desse tinga, her og her.
Denne artikkelen er kanskje relevant?
Legg inn en kommentar
<< Home