Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

onsdag, september 28, 2005

Ny versjon av Teknisk.tk

På ein måte blei Google sin Blogger litt for tungvindt.
På den norske Blogs.no har eg no registrert adressa:
http://teknisk.blogs.no og peikar no http://teknisk.tk
bort der, i staden for til denna gamle bloggen.

mandag, august 01, 2005

Windows XP som terminalserver

No skal du kunne logga inn fleire samtidige brukarar på Windows XP med SP2. Du må gjer litt jobb for å få det til. Oppskrifta finn du her.

onsdag, juli 27, 2005

Omgå Windows Genuine

Microsoft gjev ut ein del programvare, programoppdateringar og programtillegg til Windowsbrukarar som kan bevisa at Windowsversjonen deira er ekte.

Her er eit blogginnlegg som forklarar korleis du omgår dette.

Oppdatering: (30.07.05) I følge denne skal detholda å lima inn:
javascript:void(window.g_sDisableWGACheck='all')
..i adressefeltet og trykka enter, rett før du trykker ok, neste, godta eller kva det no er MS ber deg om å trykka (for å gjer Genuine-testen).

Kommentarar frå folk som har testa noko av dette, eller veit meir, mottas med stor takk!

Oppdatering: (10.08.05)
Last ned og installer alle tilgjengelege oppdateringar med Windows Update. Til slutt får du inn "Valideringsverktøyet Windows Genuine Advantage (KB892130)". Etter at denne er lasta ned og installert, tek du;
  • Verktøy
  • Administrer tillegg
  • Windows Genuine Advantage
  • Deaktiver
  • OK
  • OK
No fungerer Windows Update utan krav om å validera Windows XP.

tirsdag, juli 05, 2005

Opera 8.01 på nynorsk


No er Opera klar med nynorsk omsetjing av nettlesaren Opera 8.01. Det beste med Opera er knappen Fort framover. Med denne kan du bla i bildeseriar (Shift + x gjer same nytte).

Fram til Opera får summa seg til å leggja ut Opera 8.01 nynorsk i ei enkel installasjonsfil på opera.com, må du lasta ned og installera to program:

o Opera 8.01 - engelsk
o Nynorsk språkfil til Opera 8.01

Kjelde: Programmer.no

lørdag, juli 02, 2005

MSN Messenger 7.0.0816 på Norsk

MSN Messenger Versjon 7.0 (build 7.0.0816)
I dag lanserte Microsoft ei oppdatering av MSN Messenger. Den norske versjonen er også klar og kan lastast ned her.

Kjelde: blink.nu

tirsdag, juni 28, 2005

Apple iTunes 4.9 (for Windows)

Apple lanserte i dag versjon 4.9 av iTunes for MAC og Windows. Programvaren er imponerande bra og passar for deg som har ein ny og rask datamaskin. Du slepp ganske enkelt å justera på ting eller setja deg inn i tekniske innstillingar og val. Programvaren gjer det den skal. Veldig bra!

Har du lyst å prøva? Sjekk ut:
apple.com/itunes/download

Versjon 4.9 får støtte for Podcasting, noko eg ser fram til :-)
Elles organiserer du musikken din, brenn CDar, høyrer på radio og handlar i iTunes Music Store (skummelt - pengane ryk fort).

søndag, juni 26, 2005

Mamut Online Backup

Med Windows XP og ADSL kan du heilt gratis få 250 MB med backupplass hos norske Mamut. Eg har testa løysinga og vil dela ut ein terningkast fem

mamut.no/onlinebackup
..og nedlasting av programmet, her

Registreringa på web fungerte ikkje då eg testa løysinga. Eg lasta i staden ned programmet, installerte dette og så starta det opp. Under oppstart fekk eg registrert ein ny konto utan problem. Kravet er ei gyldig epostadresse.

750 MB før 27.06.2005 kl. 12:00
Digi.no sine lesarar kunne før måndag 27. juni kl. 12:00 få 750 MB gratis lagerplass. Dette skjedde ved at folk lasta ned digi-versjonen av programmet og registrerte seg innan tidsfristen.

Fleire kontoar per brukar
Etter det eg har funne ut, kan ein fint ha fleire kontoar per brukar. Så lenge du har fleire epostadresser (ein konto per epostadresse). Løysinga er likevel laga sånn at dei velde mappene på datamaskina automatisk vert kopiert til Mamut sin server. Det er nok mest praktisk å berre ha ein konto per PC (evt. per brukarkonto/profil).
Skal du likevel ha meir enn ein konto og berre har ein PC, må du nesten deaktivera programmet før du skiftar brukar. Velde mapper har ein tendens til å "henga igjen", sjølv om du har skifta brukar.
Du må liksom vele mapper på ny, kvar gong du skiftar brukar, om dette skal ha nokon funksjon.

Gjennoppretta filer og mapper
Det er veldig lett å henta tilbake filer og mapper frå Mamut Online Backup. Du surfar ganske enkelt til https://onlinebackup.mamut.com/login_no.aspx der du loggar deg inn med brukarnamn og passord. Velg filer og mapper du vil henta ut og trykk på knappen "Last ned..."
Du får då ei .mob-fil som er kryptert. Denne kan du dekryptera på ein Windows-PC som har programvaren Mamut Online Backup installert. For å dekryptera fila må du ha nøkkelfila tilgjengeleg. Denne har du kanskje liggjande på ein minnepinne og ein CD i ein bankboks?
Nøkkelfila er din del av PKI (google, og du blir klok!) og vert beskytta av Passfrase som du skreiv inn då du laga nøkkelfila di.

Lykke til!

torsdag, juni 23, 2005

Any Password for Windows

Det blir fort for mange passord å hugse på. Eg har valgt Any Password fordi det er gratis, enkelt og har søkefunksjon. Masterpassordet er veldig langt og ingen andre enn eg kjenner dette. Alle passord blir lagra i ei .apw-fil som eg tek backup av ved å senda den til meg sjølv som epostvedlegg i ny og ne.

Om eg treng tilgang til eit av passorda, surfar eg til anypassword.com og lastar ned programmet. Så opnar eg .apw-fila som eg hentar frå innboksen min. Såleis håpar eg å ha ein trygg tilgang til viktige passord som eg lett gløymer.

Kommentar?
Kommentér!

fredag, mai 27, 2005

Clue Lookup gratis på web



Clue er kjend for å ha dei beste elektroniske ordbøkene. I dag fann eg ut at dei også har gratis tilgang til ordbøker på web. Her er framgangsmåten:

o Klikk til clue.no
o Klikk til Registrer deg
o Fyll inn nokon personopplysingar
(du kan lyga på alt om du vil)
o Logg inn
o Klikk til "Clue Lookup gratis på web"

Takk til Elmud for hint om dette!

torsdag, mai 26, 2005

VLC (VideoLAN) er ikkje alltid best!

Med DVD Decrypter og AutoGK har eg laga meg ei 75 % komprimert XViD-koda .avi-fil av Episode VI. Resultatet blei bra. Fila er 1.34 GB og inkluderer AC3-lyd.
Men så skulle eg sjå filmen min på ein heilt ny PC med Windows XP SP2.

Windows Media Player klarte ikkje å spela av fila så eg tenkte VLC (eg brukte vlc-0.8.1-win32.exe). Resultatet blei heilt OK, men problema kom då vi skulle fly i skogen. Det verkar som om VLC får problem med å dekoda all informasjonen når det skjer mykje.

Lyden går vidare, men bilde går i sirup eller stoppar opp. Eit par sekund med stopp/hakk og så går det vidare. Problemet oppstår aldri på rolige scener.

Løysinga blei XviD -1.0.3 (eg lasta ned XviD-1.0.3-20122004.exe).

Eg brukte også Media Player Classic (mpc2kxp6484.zip var nyast, akkurat no) for å sleppa eventuell overvaking som Windows Media Player driv med.

Løysinga fungerte veldig bra.
Ingen hakking og eg slapp å fylla maskina med [I]codec's[/I].