Picasa, hello og Blogger

I utgangspunktet kan du ikkje lasta opp filer til bloggar du lagar på Blogspot. Men ved hjelp av eit veldig enkelt gratisprogram, kan du gjere det likevel. Programmet heiter hello og er kjøpt opp av Google (som driv Blogspot/Blogger). Google har også kjøpt opp Picasa og no gjev dei også dette ut gratis.
Picasa organiserer og viser bilda dine (eg trur du vil bli overraska over kor bra det er), mens hello kan senda bilde til venner eller rett til blog'en din (der bilda blir lagra på Google sin hello-server).
Kombinasjonen er kjempekjekk, og programma fungerer overraskande bra!
Vel, det er ei løysing som er "betre", og det er Adobe Photoshop Elements 3, men den koster jo NOK 880,-
2 Comments:
I følge Dagbladet er Picasa til og med betre enn Adobe sitt Photoshop Elements. Tenk det, du!!
Picasa 2.0 er omtalt i PC World Norge også. Mykje skryt!
Legg inn en kommentar
<< Home