Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

onsdag, november 10, 2004

Fjernstyr PCen

Med Windows XP kan du aktivera tilgang til eksternt skrivebord (under egenskaper for system). Du kan bruka programmet
Tilkobling til eksternt skrivebord
for å få tilgang til datamaskina. Om programmet ikkje er installert (eller lagt til) og du manglar tilgang til å installera (f.eks. ein nettcafé eller på ein skule), kan Remote Desktop Web Connection koma godt med. Denne snap-in-modulen er inkludert i Windows XP SP2 og kan installerast som vist i bilde. Surf til http://ip-adressa_di/tsweb/ og godta ActivX-komponenten. Vips har du log-in-vindauga og kan få full kontroll over datamaskina (sjølv om du kanskje er langt vekke frå ho).

Obs! Ein brannmur kan hindre tilgang til datamaskina di. Ein ruter med NAT kan også stenge for dette. Får du problem, kan du f.eks. skriva ein kommentar...

1 Comments:

Blogger Hemoxp said...

Microsoft si innebygde løysing for tilkopling til eksternt skrivebord, loggar deg på den lokale desktop'en når du kjem frå ei anna maskin. Den som var pålogga XP-maskina må då loggast ut før du "slepp inn". Etter innlogging skjer den same oppstarten som om du sat lokalt på maskina.

Andre løysingar har også støtte for å ta over skjerm, tastatur og mus direkte. Den mest brukte løysinga er vel TightVNC, men no seglar eit nyare alternativ opp:

Ultr@VNC

2:37 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home