Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

lørdag, desember 04, 2004

Hotmail med 250 MB, no!

Microsoft utvid no Hotmail-tenesta si til 250 MB. Det var på høg tid. Det er lenge sidan dette blei lova, og no er det her!

Kjelde: hotmail.com

Elles har Hotmail ganske mange bra funksjonar. Web-tenesta minner meir og meir om Outlook, med "I dag" som er ei oppsummeringsside, og dette:

Epostkonto med plass til 250 MB data. Systemet har McAfee viruskontroll for vedlegg som kan vera store. Du kan oppretta mapper, filtrera SPAM og søka.

Kalendaren er veldig bra, med avtalar, oppgåveplanlegging og notat! Alarmar kan sendast som epost og varsler (MSN Alerts), rett i MSN Messenger. Du kan dela kalendaren din med andre Hotmail-brukarar, sjå når dei er ledig og planleggja gruppeavtale (møte). Du inviterer andre til å delta i ein avtale og trykker send. Dei får avtalen i sin innboks, der dei kan avslå eller godta. Godtekne avtalar blir automatisk lagt i kalendaren til brukaren, med alle relevante detaljar.

Kontaktane kan du diverre ikkje søka i, men du kan laga ei liste over favorittkontaktar. Denne lista vert enklare tilgjengeleg når du adresserer nye meldingar. Når du organiserer kontaktane dine i grupper, dukkar dei same gruppene opp i Messenger - praktisk!
Eventuelle bursdagar du legg inn på kontaktane dine, dukkar ikkje opp med påminning (i kalendaren). Du kan heller ikkje ta med vedlegg (til dømes bilete) per kontakt.

Når du skal ta backup av Hotmail-kontoen din, kan du leggja til ein ny konto i Microsoft Outlook Express (eller Outlook). Velg servertype HTTP. Der kan du få tilgang til epostmappene dine, for så å kopiera meldingar over til lokale mapper på harddisken din.

Så vidt eg kjenner til, kan du ikkje ta backup av kontaktane dine. Sjølv tar eg backup av kontaktlista i MSN Messenger ved å eksportere denne til fil. Har du tips om korleis ein kan ta backup av Hotmailkontaktane, så skrik ut (skriv ein kommentar).

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Kanskje dette hjelper
http://www.msn.co.uk/newhotmail/Default.asp
Les og se folkens
Billy

10:08 p.m.  
Blogger Hemoxp said...

Eg las, og det ser ut til at du må akseptera å gå frå .com til .co.uk

Her er enno eit tips!

12:18 a.m.  
Blogger Hemoxp said...

Det tok tid å få stor Hotmail, altså... Min msn.com-adresse har vert 250 MB sidan dette blogginnlegget blei posta (4. desember, 04). Men til deg som lengter etter 250 MB stor innboks i Hotmail; les ITavisen.no sin artikkel om temaet, eller skaff deg Gmail. "Alle" har fått 50 invitasjonar kver, så det burde vera nok invitasjonar til alle som vil ha... Spør, og du blir invitert!

8:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home