Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

onsdag, november 17, 2004

Kopier frå skjermen

Det beste og enklaste skjermkopieringsverktøyet er kanskje SnagIt frå TechSmith. Programmet tar kopi av det du vil ha tak i på ein suverent enkel og "riktig" måte. Problemet er at det kostar svimlande 250,-

Til deg som ikkje har så store summar til overs, kan du sjå etter gode gratis alternativ her.

PS! Knappen PrintScreen på tastaturet ditt tar også kopi av skjermen din...

onsdag, november 10, 2004

"Smutthull" hos Online.no?

Om du betaler for abonnement hos www.online.no får du tilgang til ei lang rekke tenester og produkt. Det rimelegaste abonnementet til Online heiter Jubileum og er ikkje omtalt eller marknadsført. Produktet er identisk med Basis men du må førehandsbetala for eit år.

Prisen: 399,- (per år, altså)

Her står det f.eks. at du får Norton AntiVirus 2004, sjølv om du _berre_ er Jubileum-kunde.

Her er fleire eksempel:
o 3 stk epostkontoar på 25 MB
o 50 MB heimesideplass
o Tilgang til Ordnett
o Kidsurf Nettleser
og mykje meir.

Fjernstyr PCen

Med Windows XP kan du aktivera tilgang til eksternt skrivebord (under egenskaper for system). Du kan bruka programmet
Tilkobling til eksternt skrivebord
for å få tilgang til datamaskina. Om programmet ikkje er installert (eller lagt til) og du manglar tilgang til å installera (f.eks. ein nettcafé eller på ein skule), kan Remote Desktop Web Connection koma godt med. Denne snap-in-modulen er inkludert i Windows XP SP2 og kan installerast som vist i bilde. Surf til http://ip-adressa_di/tsweb/ og godta ActivX-komponenten. Vips har du log-in-vindauga og kan få full kontroll over datamaskina (sjølv om du kanskje er langt vekke frå ho).

Obs! Ein brannmur kan hindre tilgang til datamaskina di. Ein ruter med NAT kan også stenge for dette. Får du problem, kan du f.eks. skriva ein kommentar...

lørdag, november 06, 2004

Picasa, hello og Blogger



I utgangspunktet kan du ikkje lasta opp filer til bloggar du lagar på Blogspot. Men ved hjelp av eit veldig enkelt gratisprogram, kan du gjere det likevel. Programmet heiter hello og er kjøpt opp av Google (som driv Blogspot/Blogger). Google har også kjøpt opp Picasa og no gjev dei også dette ut gratis.
Picasa organiserer og viser bilda dine (eg trur du vil bli overraska over kor bra det er), mens hello kan senda bilde til venner eller rett til blog'en din (der bilda blir lagra på Google sin hello-server).

Kombinasjonen er kjempekjekk, og programma fungerer overraskande bra!
Vel, det er ei løysing som er "betre", og det er Adobe Photoshop Elements 3, men den koster jo NOK 880,-

mandag, november 01, 2004

Windows Media 10


Eg laga ein guide for installasjon av Windows Media Player 10. Det er ikkje så teknisk, akkurat... Kluet er at Microsoft prøver å få deg til å godta ein del mindre kjekke ting. Dette skjer på skjermbilete om Privacy. Eg ønskjer ikkje desse tinga og vel dei vekk. Om nokon er intresser kan godt greia ut om dei ulike punkta. Det er berre å spør (lag kommentar).
Artikkelen finn du her