Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

tirsdag, september 28, 2004

O&O DriveLED v1.0


Praktisk gratisprogram for deg som nyttar remote desktop eller har datamaskina gjømt vekk. Du får sjå harddiskaktiviteten til alle diskar i systemet, enkelt og greit.
Programmet fungerer under Windows.
http://www.oo-software.com/en/download/index.shtml -> O&O Software Tool

Mozilla Firefox 1.0PR

Edit: Den 9. november 2004 blei den endelege utgåva av Firefox 1.0 lansert. Avinstaller beta/PR-versjonen din, og installer den nye! Norsk utgåve finn du her.

Orginal frå 28.09.2004: Den endelege versjonen av Mozilla Firefox er no lansert i "Preiview Release". Programmet fungerer som eit betre alternativ enn Microsoft Internet Explorer. Det er mange kjekke ting med Firefox som du kan utforska på eiga hand.

Har du tidlegare versjonar installert frå før, skal du først avinstallere desse. Du kan også rydda opp i systemet ditt med eit program for feilretting i Windows. Sjølv har eg god erfaring med WinTuneUp04, men dette er eit kommersiellt program.

Når maskina er reinska for gamalt Firefoxgrums, kan du installera den nye versjonen som du finn her: http://www.mozilla.org/products/firefox/
Treng du norske menyar, ser det ut til at du må klara deg med versjon 0.9.3 som kan hentas her: http://firefox.no/

Om bloggen

Då var tida inne for å laga ein eigen blogg om tekniske ting. Her har eg tengt å posta når eg tek i bruk nye program, finn ut kjekke ting eller lurer på noko. Om eg får lesarar, så ønskjer eg at dei er aktive på kommentering og spørsmål.

Du skal mao. skiva på alle dei blogginnlegga du finn intressante, provoserande eller kva det måtte ver. Du må koma med forslag til alternative løysingar, andre måtar å gjere ting på, linker og tilleggsinformasjon. Du må koma med spørsmål om ting du lurer på!

Det er berre ein ting eg vil du skal gjer: Sett namn eller nick under kommentaren din!