Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

fredag, mai 27, 2005

Clue Lookup gratis på web



Clue er kjend for å ha dei beste elektroniske ordbøkene. I dag fann eg ut at dei også har gratis tilgang til ordbøker på web. Her er framgangsmåten:

o Klikk til clue.no
o Klikk til Registrer deg
o Fyll inn nokon personopplysingar
(du kan lyga på alt om du vil)
o Logg inn
o Klikk til "Clue Lookup gratis på web"

Takk til Elmud for hint om dette!

torsdag, mai 26, 2005

VLC (VideoLAN) er ikkje alltid best!

Med DVD Decrypter og AutoGK har eg laga meg ei 75 % komprimert XViD-koda .avi-fil av Episode VI. Resultatet blei bra. Fila er 1.34 GB og inkluderer AC3-lyd.
Men så skulle eg sjå filmen min på ein heilt ny PC med Windows XP SP2.

Windows Media Player klarte ikkje å spela av fila så eg tenkte VLC (eg brukte vlc-0.8.1-win32.exe). Resultatet blei heilt OK, men problema kom då vi skulle fly i skogen. Det verkar som om VLC får problem med å dekoda all informasjonen når det skjer mykje.

Lyden går vidare, men bilde går i sirup eller stoppar opp. Eit par sekund med stopp/hakk og så går det vidare. Problemet oppstår aldri på rolige scener.

Løysinga blei XviD -1.0.3 (eg lasta ned XviD-1.0.3-20122004.exe).

Eg brukte også Media Player Classic (mpc2kxp6484.zip var nyast, akkurat no) for å sleppa eventuell overvaking som Windows Media Player driv med.

Løysinga fungerte veldig bra.
Ingen hakking og eg slapp å fylla maskina med [I]codec's[/I].