Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

tirsdag, juni 28, 2005

Apple iTunes 4.9 (for Windows)

Apple lanserte i dag versjon 4.9 av iTunes for MAC og Windows. Programvaren er imponerande bra og passar for deg som har ein ny og rask datamaskin. Du slepp ganske enkelt å justera på ting eller setja deg inn i tekniske innstillingar og val. Programvaren gjer det den skal. Veldig bra!

Har du lyst å prøva? Sjekk ut:
apple.com/itunes/download

Versjon 4.9 får støtte for Podcasting, noko eg ser fram til :-)
Elles organiserer du musikken din, brenn CDar, høyrer på radio og handlar i iTunes Music Store (skummelt - pengane ryk fort).

søndag, juni 26, 2005

Mamut Online Backup

Med Windows XP og ADSL kan du heilt gratis få 250 MB med backupplass hos norske Mamut. Eg har testa løysinga og vil dela ut ein terningkast fem

mamut.no/onlinebackup
..og nedlasting av programmet, her

Registreringa på web fungerte ikkje då eg testa løysinga. Eg lasta i staden ned programmet, installerte dette og så starta det opp. Under oppstart fekk eg registrert ein ny konto utan problem. Kravet er ei gyldig epostadresse.

750 MB før 27.06.2005 kl. 12:00
Digi.no sine lesarar kunne før måndag 27. juni kl. 12:00 få 750 MB gratis lagerplass. Dette skjedde ved at folk lasta ned digi-versjonen av programmet og registrerte seg innan tidsfristen.

Fleire kontoar per brukar
Etter det eg har funne ut, kan ein fint ha fleire kontoar per brukar. Så lenge du har fleire epostadresser (ein konto per epostadresse). Løysinga er likevel laga sånn at dei velde mappene på datamaskina automatisk vert kopiert til Mamut sin server. Det er nok mest praktisk å berre ha ein konto per PC (evt. per brukarkonto/profil).
Skal du likevel ha meir enn ein konto og berre har ein PC, må du nesten deaktivera programmet før du skiftar brukar. Velde mapper har ein tendens til å "henga igjen", sjølv om du har skifta brukar.
Du må liksom vele mapper på ny, kvar gong du skiftar brukar, om dette skal ha nokon funksjon.

Gjennoppretta filer og mapper
Det er veldig lett å henta tilbake filer og mapper frå Mamut Online Backup. Du surfar ganske enkelt til https://onlinebackup.mamut.com/login_no.aspx der du loggar deg inn med brukarnamn og passord. Velg filer og mapper du vil henta ut og trykk på knappen "Last ned..."
Du får då ei .mob-fil som er kryptert. Denne kan du dekryptera på ein Windows-PC som har programvaren Mamut Online Backup installert. For å dekryptera fila må du ha nøkkelfila tilgjengeleg. Denne har du kanskje liggjande på ein minnepinne og ein CD i ein bankboks?
Nøkkelfila er din del av PKI (google, og du blir klok!) og vert beskytta av Passfrase som du skreiv inn då du laga nøkkelfila di.

Lykke til!

torsdag, juni 23, 2005

Any Password for Windows

Det blir fort for mange passord å hugse på. Eg har valgt Any Password fordi det er gratis, enkelt og har søkefunksjon. Masterpassordet er veldig langt og ingen andre enn eg kjenner dette. Alle passord blir lagra i ei .apw-fil som eg tek backup av ved å senda den til meg sjølv som epostvedlegg i ny og ne.

Om eg treng tilgang til eit av passorda, surfar eg til anypassword.com og lastar ned programmet. Så opnar eg .apw-fila som eg hentar frå innboksen min. Såleis håpar eg å ha ein trygg tilgang til viktige passord som eg lett gløymer.

Kommentar?
Kommentér!