Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

torsdag, oktober 28, 2004

Masse lurt om Adobe Reader

Adobe Reader har vokst til å bli eit stort og tungt dataprogram. Om du (som eg) nyttar Adobe Reader til å visa enkle .pdf-filer utan lyd og film, kan desse tipsa kanskje vera til hjelp.

Den originale Adobe Reader kan forenklas med Adobe Reader SpeedUp

Alternativet er å styra heilt klar Adobe sin Reader, og heller satsa på Foxit PDF Reader, som i følge digi.no er enklare og raskare.

For deg som vil laga .pdf-filer sjølv, kan du installera PDFCreator. Klikk på Download ved PDFCreator 0.8. Last ned og installer PDFCreator-0_8_0_AFPLGhostscript.exe (treng ikkje omstart) og oppdater med Patch02-PDFCreator-0_8_0.exe. No kan du laga .pdf-filer ved å skriva ut til den nye skrivardrivaren som PDFCreator har lagt til i Windows'en din.

mandag, oktober 25, 2004

Finn filtypen

Ofte spør folk kva ein sånn og sånn fil er. Dei har kanskje fått ein epost med eit vedlegg. Når vedlegget ikkje opnar på direkten, er sjansen stor for at du manglar programmet som fila er laga i. Det går i .pdf, .dat, .dwg, osb. Det er veldig mange filer folk har vanskar med å opne.

Men med nettstaden filext.com kan du altså søka deg fram på eiga hand.

Kjelde: hw.no

fredag, oktober 22, 2004

Pulse (Project Dolphin)

Eit lite program som tel tastetrykk. Dette vert raportert til serveren som fører statistikk. Du kan bli med i eit team, så innraporterte tastetrykk kjem i teamstatistikken. Etter nesten ein million tastetrykk, skifter eg no til Hardware.no sitt team. Vidare installerte eg Pulse på den bærbare datamaskina mi.

tirsdag, oktober 19, 2004

Feed reader for rss/atom

Om du les bloggar, aviser og andre kjelder som har rss-feed, skal du ta i bruk ein "feed reader". Eg testa ut FeedDemon og laga ein .opml-fil som du kan pakka ut og importera. .opml-fila inneheld dei kanalane eg plar lesa og du vel sjølv kva for nokon du vil importera i din feed reader.

FeedDemon er ikkje gratis, men det finnes program for lesing av rss- og atom-feeds som ikkje kostar peng. Eksempel er RssReader og FeedReader.

Med eit program for lesing av feeds, slepp du å opne blogg-sider og liknande, utan at dei er oppdatert. Eventuelle oppdateringar dukkar opp i feed readeren din, og du får lest mykje meir på kort tid. Prøv det! Det er faktisk veldig kjekt!

Relevante lenker:
RSS-omtale i BT
VG sine...
Aftenpost (sjå punkt to og tre)
Digi sin..
Dagbladet informerer..
TV2/Nettavisen har mykje!
ITavisen.no
Adressa.no
Osb...

Fildeling med SP2

Du kan dela filer (mapper) og skrivarar med andre datamaskiner. Brannmuren som kjem med SP2 for Windows XP stenger for dette. Skal du dele noko med maskiner lokalt, men ikkje heile verden kan du følge dette:

Velg "Windows Firewall" i Kontrollpanel, og så velg fanen "Exceptions". Velg "File and Print Services", og klikk så på "Edit". Da skal det komme et valg om "User defined list". Det er der du skal skrive inn ip-adressene som skal ha tilgang. Du kan velge en ip-range ved å skrive inn f.eks. 192.168.x.0/255.255.255.0, hvis adressene begynner med 192.168.x
Kilde: ITpro

torsdag, oktober 14, 2004

Googlebar for Firefox

Med Googlebar for Firefox, får du tilgang til mange kjekke verktøy. Du kan f.eks. merka tekst frå ei web-side og posta eit blogginnlegg på direkten (bare aktiver Blogger-knappen i Googlebar).
Andre ting som er kjekt med Googlebar:
- Opp eit nivå (i URL'en)
- Sjå etter eldre versjonar av same side i Google Cach
- Fleire kjekke søkemåtar enn dei du viste om frå før
    (f.eks. site search)

Høgreklikk på Googlebar for å skru av og på knappar og funksjonar.
Sjå også på Googlebar Options (knappen heilt til venstre).

onsdag, oktober 13, 2004

Om å laga seg eit nick


Nick utanlandsk og kort for Nickname. På norsk er dette eit kortnamn eller kallenamn. I staden for å stå fram med fullt namn og adresse, kan du altså laga deg eit kortnamn. Folk som kjenner deg, kjenner jo nick'et ditt også... For alle dei andre, er du då litt meir anonym.

Nicket ditt kan fortelje noko om deg. Eit nick kan vera kort eller langt, enkelt eller komplisert, sjølvforklarande eller heilt abstrakt. Det kan vera påliteleg eller kanskje ironisk... Men du får altså sjølv lov å velga ditt eige nick, din heldiggris - oink-oink!

Det er lurt å finna seg eit nick som få andre har. Då er nicket ditt ledig når du skal registrera deg som brukar hos Hotmail, MSN Spaces, Blogber, Spymac, Odda.no, Wikipedia, osb. Nokon stadar er det påkrevd med epostadresse eller mobiltelefonnummer som påloggingsnamn. Du kan likevel gjera ting enklare for deg sjølv, om du har eit godt passord som du sjeldan skiftar ut.

Som paranoid mann, er eg oppteken av at folk flest ikkje skal kunne finna ut for mykje, når dei googlar meg. Difor gjer eg veldig få nett-ting under fullt namn. Vidare har eg vald meg eit nick (Hemo) som også er brukt fleire andre stadar. Såleis er det ikkje så lett å finna alt eg har gjort og sagt på nett, sjølv om du googlar til dømes "hemo odda".
Eit av dei beste nick'a eg har sett er "gnagsaar". Smak på det, det har det meste! (prøv å google gnagsaar, så ser du)

Så når du no sit der og lurer på kva du skal gjer, kan eg sei at du kan;
- velga same nick som mange andre
- vera litt unik, kort og lett å huske
- bruka ordbok, ordspel, tall og tull

..berre hugs at ditt nick blir "innarbeidd" fortare enn du trur.. du kjem ikkje vekk frå det, når folk først har teke det i bruk...

søndag, oktober 03, 2004

fulDC 6.5

Etter å ha brukt DC++ ganske lenge, har eg no tatt meg tid til å testa ut den naturlege erstattaren. Sjølv om DC++ (og oDC, for dei som brukte den) eksisterer framleis, trur eg tida er inne for å skifte klient. Det naturlege (og fungerande) valget blir:

fulDC 6.5

Alt bygger på DC++, så du finn deg raskt til rette. Vidare vert filer du deler indeksert, og dette tar tid. Men eg kan nesten lova deg at du ikkje kjem til å angra. fulDC har dei funksjonane som du ikkje viste du mangla i DC++ ;-) hehe

Utan at eg har testa det enno, så har fulDC fått støtte for UPnP. Eg håpar og trur at programmet kan opna naudsynt port i ein ruter med UPnP-støtte. Då går det automatikk i å bli aktiv :-D