Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

søndag, februar 20, 2005

Portforward.com



Har du din eigen breibandsruter, vil du kanskje vete korleis du kan styra inngåande tcp- og udp-portar mot den interne IP-adressa di (som står bak NAT). Eg har funne ei side som inneheld mykje bra informasjon om dette. Adressa er:

portforward.com

søndag, februar 06, 2005

Om passord

Eit passord sikkrar at berre du kan logga deg inn. Er passordet for dårleg (eller svakt) vil andre kunne gjette eller prøva seg fram til passordet ditt. Om nokon finn passordet ditt, kan dei missbruka tenesta. Dei kan senda meldingar i ditt namn, lesa eposten din, kjøpa varer eller forfalska informasjon. Størst skade skjer kanskje om nokon sendar hatmeldingar i ditt namn, frå epostadressa di, med trugsmål om å skada andre.

For at passorda du lagar deg skal vera sikre, må dei vera vanskeleg å knekke. Enkle passord som er basert på orda i ordbøker, er enkle å knekke. Til dømes "sykkel32" vil vera alt for svakt. Passord bør vera minst åtta teikn lange og vera oppbygd av stor- og liten bokstav, samt tal. Til dømes tH9EgN3V.

Akkurat dette passordet er no kjend for alle som les denne bloggen, og difor er det ikkje lenger eit godt passord. Vidare er det alt for vanskeleg til å skulle læra seg.

Enkle triks for at passord skal vera vanskeleg å knekke, men likevel lette å hugse, er å nytte tal-ord i passordet. Bytt til dømes ut bokstavane "to" med teiknet 2. Sett til dømes ein av bokstavane stor (men ikkje første bokstav). Her er eit eksempel: sU3paven

No er jo også dette passordet kjend, så heller ikkje dette kan du nytte!

Når du først har funne deg eit veldig godt passord, kan du (om du vil) nytte det på fleire ulike tenester. Klarar nokon å finne eller knekke passordet ditt, vil dei då ha tillgang til "alt" du har... Det er ofte umogeleg å hugse eit passord per teneste, så vanlege dødelege må som oftast ha fellespassod på ting.