Hemoxp sin tekniske blogg

Ein blogg for omtale, spørsmål og diskusjon. Nb! Unngå spørsmål og kommentarar om ulovelege ting!

Mitt foto
Navn:
Sted: Odda, Norway

mandag, desember 27, 2004

Google.com

Google er den mest brukte søkemotoren på Internett. Når folk søker i Google seier vi at dei googlar. Vi seier til dømes "Google det!" eller "Google andre verdenskrig", når vi meiner at ein kan søka etter noko (til dømes "andre verdenskrig") i Google. Men Google har ein del sider som folk flest ikkje kjenner. Her kjem eg med nokon av dei, og eg håpar du kjem med kommentar om du veit om fleir kjekke Google-tips.

Basisfunksjonane bør du læra deg!

Google-funksjoner har ein del kjekke ting..

Fleire eigenskapar på engelsk..

Froogle, søk på produkt/varer og få pris, bilete og produktinfo i retur.

Sets finner tilsvarande ting. Skriv f.eks. to-tre klesmerker eller produktnamn, så får du opp ei lang liste over liknande namn.

Suggest viser på direkten kor mange treff ord eller fraser gjev. Praktisk for å finna rett skrivemåte, eller sjekka kva som er mest populært.

Bruk Google som kalkulator

Services lister opp ein mengde andre ting som Google tilbyr.

Googlism er ei teneste som nyttar Google til å finna ut kva som er skrive om den eller det du skriv inn i søkefeltet. Morsomt!

har ingenting med Google å gjer, men eg måtte ta den med. Den er for deg som likar pupper...

archive.org har heller ingenting med Google å gjer, men eg måtte ta den med. Det er eit søkefelt der som heiter waybackmachine. Den kan du bruka til å sjå gamle kopiar av nettstadar.

lørdag, desember 25, 2004

Hent fram sletta filer

Om du sletter filer kan du henta dei fram med eit program som tar undelege. Det finnes mange ulike program som kan dette, og eg fann ein post her som lista opp tre. Dog sletta nokon filer akkurat no, og han testa det siste av dei. Det fungerte heilt fint. Så lenge du ikkje skriv nye data til disken (eller partisjonen) som overskriv området dei sletta filene lå på, så går det som regel fint.

Eg kan også ambefala eit program som er spesiellt meint for sletta bilete frå minnebrikker. Dette finn du her.

Og du? Backup er ofte kjekt...

mandag, desember 06, 2004

msn Spaces

Microsoft har ei teneste som heiter Spaces. Her får du 10 MB med plass, som kan fyllast med bilete, lister og blogginnlegg. Det heile ser ganske greit ut, med RSS2-feed og greier. Du bør teste det! Kanskje dette kan fungera som heimeside for "folk flest"?
Kjelde: http://spaces.msn.com/

Eg har no fått på plass ein testblogg. Denne ligg på adressa:
http://spaces.msn.com/members/hemotest/

lørdag, desember 04, 2004

Hotmail med 250 MB, no!

Microsoft utvid no Hotmail-tenesta si til 250 MB. Det var på høg tid. Det er lenge sidan dette blei lova, og no er det her!

Kjelde: hotmail.com

Elles har Hotmail ganske mange bra funksjonar. Web-tenesta minner meir og meir om Outlook, med "I dag" som er ei oppsummeringsside, og dette:

Epostkonto med plass til 250 MB data. Systemet har McAfee viruskontroll for vedlegg som kan vera store. Du kan oppretta mapper, filtrera SPAM og søka.

Kalendaren er veldig bra, med avtalar, oppgåveplanlegging og notat! Alarmar kan sendast som epost og varsler (MSN Alerts), rett i MSN Messenger. Du kan dela kalendaren din med andre Hotmail-brukarar, sjå når dei er ledig og planleggja gruppeavtale (møte). Du inviterer andre til å delta i ein avtale og trykker send. Dei får avtalen i sin innboks, der dei kan avslå eller godta. Godtekne avtalar blir automatisk lagt i kalendaren til brukaren, med alle relevante detaljar.

Kontaktane kan du diverre ikkje søka i, men du kan laga ei liste over favorittkontaktar. Denne lista vert enklare tilgjengeleg når du adresserer nye meldingar. Når du organiserer kontaktane dine i grupper, dukkar dei same gruppene opp i Messenger - praktisk!
Eventuelle bursdagar du legg inn på kontaktane dine, dukkar ikkje opp med påminning (i kalendaren). Du kan heller ikkje ta med vedlegg (til dømes bilete) per kontakt.

Når du skal ta backup av Hotmail-kontoen din, kan du leggja til ein ny konto i Microsoft Outlook Express (eller Outlook). Velg servertype HTTP. Der kan du få tilgang til epostmappene dine, for så å kopiera meldingar over til lokale mapper på harddisken din.

Så vidt eg kjenner til, kan du ikkje ta backup av kontaktane dine. Sjølv tar eg backup av kontaktlista i MSN Messenger ved å eksportere denne til fil. Har du tips om korleis ein kan ta backup av Hotmailkontaktane, så skrik ut (skriv ein kommentar).

fredag, desember 03, 2004

Windows Messenger 5.1

Då er den engelske utgåva av Microsoft Windows Messenger 5.1 klar.
Programmet er ganske likt MSN Messenger, men likevel eit sjølvstendig
program.
Der MSN Messenger er god på emotions, bakgrunnar og spel, går Windows
Messenger framfor med eigenskapar som nettverk og støtte for UPnP.

Slit du med at MSN Messenger er treig på filoverføring? Prøv Windows
Messenger... kanskje den klarar filoverføringa betre og raskare enn
MSN Messenger?

Engelsk versjon er tilgjengeleg her (6.9 MB)

VideoLAN - VLC

VLC media player 0.8.1 er eit dataprogram som mellom anna kan nyttast til å spele av det meste av mediefiler. Eg hadde problem med å få spelt av ei fil som inneheldt video. Fila gav mest svart skjerm og litt prikkar i toppen. Filmen var koda med xvid-kodek, og det hjalp ikkje å installera nyaste kodek for xvid heller.
Løysinga vart VideoLAN!

Edit: Dette innlegget var opphavleg posta den 07.10.2004 kl. 11:33
Ny versjon var omtalt her, og då bump'a eg dette blogginnlegget.