
Med Windows XP og ADSL kan du heilt gratis få 250 MB med backupplass hos norske Mamut. Eg har testa løysinga og vil dela ut ein terningkast fem
mamut.no/onlinebackup..og nedlasting av programmet,
herRegistreringa på web fungerte ikkje då eg testa løysinga. Eg lasta i staden ned programmet, installerte dette og så starta det opp. Under oppstart fekk eg registrert ein ny konto utan problem. Kravet er ei gyldig epostadresse.
750 MB før 27.06.2005 kl. 12:00Digi.no sine lesarar kunne før måndag 27. juni kl. 12:00 få 750 MB gratis lagerplass. Dette skjedde ved at folk
lasta ned digi-versjonen av programmet og registrerte seg innan tidsfristen.
Fleire kontoar per brukarEtter det eg har funne ut, kan ein fint ha fleire kontoar per brukar. Så lenge du har fleire epostadresser (ein konto per epostadresse). Løysinga er likevel laga sånn at dei velde mappene på datamaskina automatisk vert kopiert til Mamut sin server. Det er nok mest praktisk å berre ha ein konto per PC (evt. per brukarkonto/profil).
Skal du likevel ha meir enn ein konto og berre har ein PC, må du nesten deaktivera programmet før du skiftar brukar. Velde mapper har ein tendens til å "henga igjen", sjølv om du har skifta brukar.
Du må liksom vele mapper på ny, kvar gong du skiftar brukar, om dette skal ha nokon funksjon.
Gjennoppretta filer og mapperDet er veldig lett å henta tilbake filer og mapper frå Mamut Online Backup. Du surfar ganske enkelt til
https://onlinebackup.mamut.com/login_no.aspx der du loggar deg inn med brukarnamn og passord. Velg filer og mapper du vil henta ut og trykk på knappen "Last ned..."
Du får då ei .mob-fil som er kryptert. Denne kan du dekryptera på ein Windows-PC som har programvaren Mamut Online Backup installert. For å dekryptera fila må du ha nøkkelfila tilgjengeleg. Denne har du kanskje liggjande på ein minnepinne og ein CD i ein bankboks?
Nøkkelfila er din del av PKI (google, og du blir klok!) og vert beskytta av Passfrase som du skreiv inn då du laga nøkkelfila di.
Lykke til!